Rovertråkk
- Rovere (16-25 år)
Tredje helga i september er det Tråkk i heile Noreg. Då skal speidarar i heile landet ut på tur. Fram til nå har arrangementet vore for vandrerar, men i år kan også roverar delta på sitt eige Rovertråkk!
Ta med roverlaget eller studentroverlaget ditt på tur. De kan også høyra om det blir arrangert rovertråkk i kretsen eller kanskje de kan invitera med dykk naboroverlaget.
Rovertråkk
Gjennomfør ei haikeoppgåve på rovertråkk og få det heilt nye rovertråkkmerket som snart kan kjøpast på speidersport.no. Rovertråkkmerket er eitt hovudmerke og eitt mindre merke med årstal som du kan fylla på med rundt hovudmerket kvart år du deltek på Rovertråkk.
Haikeoppgåver
Under Rovertråkk kan de gjennomføra ei rekke oppgåver for å få rovertråkkmerket.
Oppgåve 1 - Svevande sengeplass
Ikkje sov på bakken. De kan sjølv velja korleis de skal sova, nokre alternativ er i hengekøye, i tretelt, i ein bivuakk i høgda eller noko anna lurt de kjem på. Ver kreative!
Oppgåve 2 - Mesterkokken
Det er lettvint å velja enkel mat på tur, men det er mykje meir spanande å laga mat frå botn. Derfor skal de laga minst eitt måltid frå botn av. Det betyr ingen posegryterett, torosaus, real turmat eller ande ferdigrettar.
Oppgåve 3 - Utsiktspunktet
Ingenting slår ein tur med god utsikt. Legg haikeruta dykkar innom ein topp eller eit utkikkspunkt de kan ta ein selfie på. Del gjerne biletet med @rovernemnda på Instagram eller send det på e-post til rover@kmspeider.no for ein sjanse til å koma i Speiderbladet. Det er viktig at alle på biletet syns det er greitt at biletet blir delt.
Bonusoppgåve
Finn ein patrulje med vandrerar på tråkk i området dykkar og gjer noko hyggeleg for dei. De kan til dømes hjelpa dei med å setta opp leirplass, dela snacks med dei eller vekka dei med ein god frukost.
God planlegging er viktig
Ein god tur blir til av godt førearbeid og planlegging. Planlegging og førebuingar sikrer at de får gode opplevingar og at turen vert passeleg utfordrande for alle. Bruk gjerne Speiderhåndboka i planlegginga. Det kan også vera lurt å setta av eit speidarmøte eller to til planlegging fram mot Rovertråkk.
Tips: Skal speidergruppa di delta på årets Globalaksjon? Arranger gjerne Globaltråkk, og samle inn pengar samtidig som de er på tur.
Foto: Lars Røraas