I helga vart det arrangert roverfemkamp på Skei i Jølster. Om lag 25 deltakarar fekk bryne seg på dei ulike disiplinane ein femkamp byr på; teori, valfri oppgåve, hemmeleg oppgåve, orientering og hinderløype. Dei deltakarane som ikkje ville delta i konkurransen, var publikum. På laurdagskvelden diska lokalkomiteen opp med rømmegraut til middag før alle samla seg rundt det store leirbålet. Søndagen fekk vi delta på ei flott festgudsteneste i naturen saman med andre Jølster-speidarar, då Jølster si speidargruppe har 20-års jubileum. Etter gudstenesten var det duka for hinderløypa, helgas siste disiplin. Her fekk alle som var med på gudstenesta høve til å vere publikum, noko som var til stor glede for både store og små. Vi gratulerer Fairytale med samanlagt seier i årets femkamp!

Endelige resultater:

1. plass. Fairytale - 493 Poeng

2. plass. Nederlaget - 354poeng

3. plass. Topptur og damer - 273poeng

4. plass. Kulikul - 261 poeng

5. plass. Supertrausene - 217 poeng

6. plass. Jegermester - 183 poeng

 

Vi takker Sivert Dvergsdal og alle roverne i Sogn og Fjordane for en flott roverfemkamp!

Tekst: Maren Pernille Øvregaard 
Foto: Maren Pernille Øvregaard og Lars Røraas

Fornøyd vinnerlag!