16.-18. november blei roverball arrangert i Kristiansand. I tillegg til eit fantastisk roverball, blei det også tid for ei heidundranes feiring av roveranes 100års jubileum! 

Laurdagen starta med frukost og flaggutrulling med andakt, etterfulgt av swingkurs. Med profesjonelle danseinstruktørar blei læringskurven bratt. Det var det også mogeleg å bli kjent med mange av det motsatte kjønn, fordi vi bytta dansepartnar ofte.

Etter Swingkurset var det friaktivitetar utover dagen. Ein kunne velje mellom å dra på sørlandssenteret, dra på tur, eller å feire Heilt i Hundre! saman med rovernemnda. Etter lunsj var det også mogleg å dra gratis til ein svømmehall for å bade og dusje. 

Før middagen var det sjølvsagd obligatorisk polonaise for å bli ekstra svolten. Under middagen blei det talar, og konkurransar. Det blei også arrangert Globalbingo med pauseinnslag av ulike slag frå rovernemnda. Etter middag og dessert blei vi invitert ut på dansegolvet der vi viste fram kunnskapane vi tillærte oss under swingtreninga. 

På søndagen blei det arrangert gudsteneste før roverane reiste heim. 

Tusen takk til roverane i Agder som stelte i stand!

 

Tekst: Amalie Ulevik Bjerk og Alfred Mestad Rønnestad

Miniatyrbilde: Leo Marienborg Ryan 

Toppbilde: Brit Sørli Jensen