Roverting starta fredagkveld med opprop av dei over hundre deltakarane. Alle fekk nummerskilt og det var blant anna val av ordstyrarar og referentar. Det var også gjennomgang av rovernemnda si årsmelding og presentasjon av dei som stilte til val til rovernemnda. Resten av kvelden gjekk med til å vere sosiale. Dei fleste fekk omsider sove, til tross for nokre irriterande alarmar og lys som ikkje ville skru seg av. 

Laurdagsmorgon var det flaggheis og frukost før roverting heldt fram. Først var det presentasjonar av dei som stilte som arrangørar av komande arrangement. Det var interessante presentasjonar, ein artig var Supergluntane sin. Dei var nokså kreative og hadde laga ein film om kvifor dei burde få arrangere roverfemkampen i 2019.  

For at fleire skal kunne seie meiningane sine er det på roverting noko som heiter påvirkningstorg. Her diskuterer ein i mindre grupper saker som seinare skal takast opp i plenum. Dette gjer at terskelen for å seie meiningane sine blir lågare. Ein kan også kome med endringsforslag eller nye forslag til dei sakene som blir diskutert. Saker som i år vart snakka om på påvirkningstorg var roverfemkampen si framtid, rovernemnda sin tiltaksplan og kva som skal vere ny inntektskjelde for KFUK-KFUM-speidarane. 

Etter mange diskusjonar vart det ei pause med god lunsj. Deretter var det tid for workshops som handla om internasjonal speiding, strategi for neste femårsperiode og roverlandsleiren som skal vere i sommar. Det neste på programmet var plenumsdebatt, der endringsforslag, roverfemkampen si framtid og landstingssaker vart diskutert. Ved votering nytta ein dei fancy mentometerknappane, noko som gjorde voteringa seriøs, samstundes som det var litt morosamt. Det var også val av nye medlem til rovernemnda. Mange gode kandidatar stilte, så det var eit jamt val. 

Saka som fekk den mest intense diskusjonen var om rovernemnda sin tiltaksplan skulle endre namn til handlingsplan. I utgangspunktet er ikkje dette ei veldig spennande sak, då det berre er snakk om eit ord som skal endrast. Tross dette var mange på talarstolen for å presentere nye forslag som til dømes «Brev til julenissen», «utviklingsplan» og  «mål for perioda». Sjølv om det var ein stor diskusjon vart det ikkje vedteke noko nytt ord. 

Tradisjonen tru var det oppstilling og polonese før festmiddagen, som alltid er like kjekt. Middagen var veldig god, det var også desserten med både gele og kake. Under middagen var det fleire talar og god stemning! Etter middagen var det mogleg å vere med på kveldsgudsteneste i kyrkja. Utover kvelden og var det også mange som nytta høvet til å ver sosiale, blant anna ved å spele kort.

På søndag var det flaggheis og frukost, før rovertinget heldt fram med debattar og votering. Avtroppande leiar og medlemar av rovernemnda takka for seg, og det var tid for pakking og heimreise. Tusen takk til lokalkomiteen for god mat og organisering og rovernemnda for eit flott arrangement. Etter å ha møtt så mange kjekke roverar kan ein ikkje anna enn å håpe på at ein møter dei att på komande roverarrangement. Det va mange unge roverar til stades, så ein kan absolutt sjå lyst på framtida til rover-Noreg! 

Alt i alt var det ei veldig kjekk og lærerik helg og eg kan slå fast at dette er den beste kongressen eg har vore på til no. Roverkongressen er både innhaldsrik, inspirerande og ein sosial møteplass. Det å avgjere framtida til rover-Noreg saman med gode vener, synest eg er ein god kombinasjon. Etter mi meining er roverkongress absolutt vårens happening og fleire roverar bør utan tvil vere med neste år! 

 

Skrive av: Heidrun Sunde Stokke
Toppbilde: Tomas Liberg 
Miniatyrbilde: Lars Røraas